eg vart utfordra av
finatina, og tek sjølvsagt imot med stor takk, då slepp eg jo å tenkje ut noko lurt å blogge om sjølv!
1. Ok, I had to enter my pictures folder and choose picture number 6 and tell the readers about it?

(eg hadde mange mapper med mange mapper i, så eg tok liksom mappe nr 6, mappe nr 6, bilete nr 6) tenkesjææl.
Dette er thor magnus, fadderbarnet mitt. det er litleguten til barndomsbestevenninna mi, men no er han blitt treogeithalvt år, og stor gut. han vart fødd 31. januar 2006, og eg reiste eins ærend frå stavanger til haugesund etter skulen for å helse på han. var der ein halvtimes tid, og hoppa på bussen tilbake. det var heilt uverkeleg å sjå han, alle andre nyfødde babyar eg har sett, har hatt pyyttesmå auger og innskrumpa ansikt. dette vesle vidunderet låg i mammaen sine armar og såg rundt seg med enorme, knallblå auger. heilt fantastisk søt, og eg hugsar eg tenkte at hal likna på ein rumpnisse frå ronja røverdatterfilmen.
2. Write down 6 things I love.
-vener
-iskaffi
-blomar
-poesi
-pepsimax
-frihet
3. Write down 6 bad habits
-bit på skinnet rundt fingerneglane
-tvinn håret rundt fingrane i tide og utide
-kan få det for meg at eg MÅ synge sangen ferdig dersom eg har byrja på ein
-grin når eg blir sint
-har det med å herme etter dialektane til folk eg snakkar med
-skriv bokmål når eg skriv noko eg ikkje er komfortabel med, til dømes i sjukepleiarkardexen på jobb.
4. Write down 6 dreams you have:
-reise til island
-tatovere meg
-lære fransk
-lage ein heim
- gå pilegrimsferd til santiago de compostela
-utgi noko
5. Write down 6 different jobs you'd like to have :
-forfattar
-husmor
-lærar
-sjukepleiar
-designar (hadde eg berre kunna sydd)
-konditor!
6. Write down 6 blogs that deserves some praise and love.
alle på lista mi! de e herved utfordra.
fredogkjærleikogallthatjazz