torsdag 22. september 2011

noko som gjorde deg glad i går?
snakk om materialist, men.. ny mobiltelefon :)

humør akkurat no?
stabilt. ok minus

kva gjorde du klokka 8 i dag tidlig?
sat i busskuret og venta på bussen til skulen. høyrde på gåte og var takknemleg for vasstett jakke og sekk. det regna VELDIG.

kva gjorde du for 15 minutt sidan?
pussa tenner. lo av hilde som knuste eit glas.

kva ser du om du ser til høgre?
ei kvit ikea-hylle med masse rot i.

kva gjer deg glad akkurat no?
at eg og nokre kjekkingar ska ha rome-maraton i morgon.

korleis er vêret hos deg akkurat no?
vel, det er iallefall stabilt. det regnar. nesten heile tida.

kva var det siste du åt?
eple. summerred! hjarte hjarte

kva har du drukke i dag?
kaffi, vatn, to koppar te, halvliter pepsimax.

beste is-smak?
eg e kjedelig. sjokolade.

det siste du kjøpte?
mat på butikken.

det siste du sa høgt?
"godnattdå!"

det siste nokon sa til deg?
"godnatt!"

søv du tungt?
når eg først sovnar, ja.

har du mareritt?
sjelden.

kor mange puter søv du med?
ei og ei halv. den eine er så tynn at ho ikkje tells. ho har liksom alltid vore der.

snorker du?
eg er stille som døden når eg søv.

favorittklede?
svart bukse, random genser, converse.

favorittsnop?
sure peacemerke, melkesjokolade med daim.

høgre- eller venstrehendt?
høgre.

stjerneteikn?
vannmann

kva lengtar du mest etter akkurat no?
et barn! såg ein bøling barnehagebarn på skulen i dag. masse små støvlar og regnkler. smelt

kva er viktigast for deg?
at dei rundt meg har det bra, sjølv om eg har blitt flinkare til å bry meg om meg sjølv. heldigvis, visst ikkje kunne det gått litt gale. ellers.. at livet blir fint :) (og at eg ikkje blir eldre!)

0 såpeboblebobler:

Legg inn en kommentar