ei liste:
min besteven er anne marit, sjølv om eg har mange gode vener som nok hadde fortent å bli kalla besteven. besteven er eigentleg eit omgrep som burde bli lagt bort på ungdomsskulen, på same måte som besteste besteven (cathrine :) ) burde bli lagt bort på barneskulen. men like fullt brukar eg dei. besteven. det er fint å ha bestevener. vener er best.
når eg pussar tennene har eg angst. angst for hol og (spesielt) misfarging. av denne grunn har eg innført eit aldri så lite tannpussregime som består av tanntråd (ikkje denne fisletypen jordan miracle lenger, men the kind du tvinn rundt eigne fingrar), elektrisk tannbørste med zendium på (butikktannkrem er berre såpe og slipemiddel), minibørste til dei store mellomromma og til slutt listerine til den store gullmedaljen.
når eg lagar mat kryssar eg fingrane for at det smakar godt. min gane pleier bli nøgd, det er andre sine ganar eg er bekymra for.
eg er redd for å mislykkast.
den verste kjensla er å grue seg til noko. kva som helst, eigentleg. det suget i magen - grøss og gru.
den beste kjensla er å merke at nokon er glad i deg.
eg er best på å utsetje ting, rote, drikke kaffi og bli sur på ubetydelege ting. og å vaske. vasking er kjekt. ja, og bake ostekake.
eg er dårlegast på å vere strukturert, å uttrykke kjensler, ta meg sjølv i nakken og sjå framover.
eg høyrer på musikk. den fine typen.
eg snakkar med sunnhordlandsdialekt. eg skulle ynskje eg var meir bevisst på denne, flinkare til å bruke dei breie uttrykka, men det gløymer eg ut når eg ikkje er heime. i tillegg snakkar eg ofte upassande høgt.
eg likar at det er blitt vår. eg blømer ilag med krokusane utanfor kjøkenglaset.
kjærleik er noko som eg ser rundt meg, men som eg ikkje skjønar sjølv.
i sommar skal eg til syden heile to gonger, men dette nekter eg å få dårlig samvit for. dette er første gongen er har skikkelig sommarferie på sånn.. 6 år. utanom ferie skal eg sjølvsagt jobbejobbejobbe (hjerte!)
sist eg grein var laurdag for eiogeihalv veke sidan: slutten på schindlers liste = here comes the waterworks!
når eg vil tenkje set eg pris på å vere åleine. aller helst på eit kjøretøy eg ikkje må føre sjølv, f.eks båt eller buss.
når eg bakar føler eg meg flink, fordi eg får det til utan sukker og mjøl :)
akkurat no surrar drew carey-show på tv. cleveland rocks! no fekk eg litt hetta, for eg synes det er eit drittprogram, derfor bytta eg til god morgen, norge (hjerte!)
i dag har eg våkna relativt tidleg (09.13 for å vere nøyaktig), laga meg kaffi, sendt eine frøken granbakken heimover for påskeferie. no står snart frokosten for tur.
i kveld skal eg rydde og vaske rommet. og sjå true blood :D
i morgon skal eg på forelesning, deretter ha lunsj med ei kjekk venninne, og sååå primærpåskefest! eg har stor tru på at dette blir ein herleg dag :)
min mobiltelefon er min nemesis. dette gjeld forøvrig alle mobilar eg nokon gong har hatt.
når eg vaknar om morgonen høyrer eg etter. regn eller fuglekvitter? og er nøgd either way.
om eg var eit dyr ville eg vore ein katt. fordi kattar er dei kulaste dyra, dei søv og et og herjer og gjer nett som dei vil - berre sjå her:

(bilete:icanhazcheezeburger)
Koseleg lesing dette.
SvarSlettGoe påskeferie til deg.
Knippådeg*
Hihi, herlig! Kjempefin liste :) <3
SvarSlettja du får sagt det...koseleg lesing,god påske...
SvarSlettfinaste.
SvarSlettdenne listen har jeg lyst til å kopiere! eller, herme etter. for den var skikkelig, skikkelig fin. :)
SvarSlett